| Debatt
Korleis kan retten til liv og retten til å ta liv kombinerast i ei og same lov?
ABORT INN I GRUNNLOVA: Stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam (biletet) løfta nyleg denne saka fram på vegner av Ap, skriv Jens Thoresen.
Jonas Been Henriksen / NTB
Arbeidarpartiet og Venstre vil ha grunnlovsfesta retten til sjølvbestemt abort. Det er stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam som nyleg løfta denne saka fram på vegner av Ap.
Eg konstaterer at det har vore lite debatt i ettertid.
Me har jo alt ei lov som gjev kvinner i Noreg rett til abort fram til veke 18. Men Arbeidarpartiet er redd for at den konservativa bølgja som går over mange land også skal bli stor i Noreg, og at eit framtidig storting vil avgrensa kvinners rett til abort. Partiet vil liggja i forkant, og setja opp ein mur til å forsvar for denne retten.