For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Konvertert til islam

Det var ille å lesa laurdagsnummert av Dagen. Framsida pluss åtte heilsider inne i avisa var vigd til oppslag om fire konvertittar til islam.

Publisert Sist oppdatert

Å få islam og Koranen presentert så positivt og sympatisk – når ein veit kva dei står for og fører med seg – kan gjera ein ganske matt og mållaus.

Ein kan ikkje forvèl tru sine eigne augo når ein les om ho som har « vakse opp på bedehuset» - sprenglese Bibelen og får seg til å hevda at: «Jesus sier ikke én plass at han er Gud». Burde ikkje intervjuar ha mint henne om Jesu utsegn for Det Høge råd der han brukar gudsdefinisjonen «Eg er» om seg sjølv, og blir blasfemidømd? Og: «Eg og Faderen er eitt ». Eller – sjølv om det ikkje er eit direkte Jesus-sitat, så er vel prologen til Johannesevangeliet truverdig når det står: «I opphavet var Ordet, og Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud»?

Ein stiller seg uforståande til eit så slett bibelstudium som konvertitten her avdekkar – og eg taper all tiltru til den som kan hevda dette, - og byggja eit livssyn over eit slikt synspunkt.

Powered by Labrador CMS