Leder
KRITISK TIL KONVERTERINGSFORBOD: Jenny Klinge er ei kritisk røyst i debatten knytt til lovforslaget om konverteringsterapi, men altfor mange søv i timen.
NTB-Katarina Poensgen og Heiko Junge
Konverteringsterapi: Når politikarane abdiserer til fordel for aktivistane
Rett før helga gjekk stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) til det originale skrittet å åtvara borgarane mot noko av politikken ho som lovgivar er med på å vedta.
Den fritalande politikaren uttalte seg som privatperson i innlegget som vart publisert på Nettavisen, men refleksjonane er tett knytte opp til hennar daglege virke som medlem av Noregs folkevalde forsamling.
Klinge meiner vi som borgarar bør uroa oss meir over deler av innhaldet i politikken som vert vedteken, enn det som ofte stel merksemda: Nemleg kva dumskap politikarar måtte driva med på fritida.