☀️ 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| I Fokus

Kongen som ville vedkjenna

PARAGRAF 4: Eg hugsar korleis kongens standpunkt berre vart teke «til vitande». Det var kongen som ville vedkjenna seg til den evangelisk-lutherske religionen, skriv Egil Morland.
Publisert Sist oppdatert

Det vekte oppsikt at kong Haakon VIII i den første statsoverhovud-tala si to gonger nemnde Gud: «Med Guds hjelp og folkets støtte» vil han utføre tenesta si, og samstundes oppfordra han alle til å vera med i bøna: «Gud bevare landet vårt.»

Slike formuleringar går heile tusen år attende i soga vår. Dei vart stadfesta i kristenretten, i Magnus Lagabøtes lovbok, i Kongelova 1655 (særleg) og i Grunnlova frå 1814 (§ 4: Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion, haandhæve og beskytte denne).

Ved skiljet mellom kyrkje og stat vart denne paragrafen temmeleg ribba. Berre den første delen har «overlevd», nemleg at «Kongen skal alltid vedkjenne seg til den evangelisk-lutherske religionen».

Powered by Labrador CMS