| Frispark
Klassisk evangelisk
IKKJE MONOPOL: Kyrkjesamfunnet med base i Roma har ikkje monopol på den katolisiteten alle truande vedkjenner saman med oldkyrkja, skriv Rolf Kjøde.
Odd Mehus
Orda vi brukar om teologiske posisjonar er definerande. Helst vil vi ha positive ord knytt til oss. Mange av oss har dessverre forsøkt å klistre negative merkelappar på andre. Slik stempling er ofte knep for å svekke den ein er ueinig med utan å måtte argumentere.
«Liberal», «konservativ», «fundamentalist»; idet orda er uttalt, er gjerne samtalen over. Så la oss seie at eg aksepterer og brukar «progressiv» om dei vi elles har kalla «liberale» - enda eg ikkje meiner at teologien deira er knytt til framgang. Kan eg i retur få aksept for å kallast «klassisk» framfor det politiserande «konservativ», fordi eg vil tru og lære det som alltid, overalt og av alle truande har vore halde for sant? Ville eg få respekt for det?
I Dagen går det jamleg diskusjonar om omgrep som «evangelikal», «luthersk», «katolsk». Min gode kollega Gunnar Innerdal presiserte nyleg at han – som eg – definitivt reknar seg som katolsk. Kyrkja er katolsk («allmenn») fordi evangeliet er for alle, og fordi alle som trur på Jesus, høyrer med i den eine verdsvide kyrkja. Kyrkjesamfunnet med base i Roma har ikkje monopol på den katolisiteten alle truande vedkjenner saman med oldkyrkja.