☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Kjærleik handlar om kven vi vel å vere for den andre

VENNSKAP: I filmen «Der krepsene synger» blir Kya godt kjend med Tate. Han lærer henne å lese og skrive, og mellom dei veks det fram eit nært vennskap.
Publisert

I den amerikanske filmen Der krepsene synger (Where the Crawdads Sing) frå 2022 følgjer vi historia om Kya. Ho er ei forlaten jente som veks opp åleine i dei øyde og farefulle myrområda i Nord-Carolina. Filmen er vel verd å sjå, sjølv om dette innlegget eigentleg ikkje handlar om filmen i seg sjølv.

Undervegs i filmen blir Kya godt kjend med Tate. Han lærer henne å lese og skrive, og mellom dei veks det fram eit nært vennskap. Etter kvart utviklar vennskapet seg til kjærleik, og ein dag blir tiltrekkinga mellom dei så sterk at dei begge ønskjer å gje seg til kvarandre.

På bursdagen til Kya tek Tate henne med til ein vakker stad der dei kvite snøgjessene samlar seg. Den vakre naturen speglar kjenslene dei har for kvarandre. Medan dei kler av kvarandre, er dei på veg inn i noko av det vakraste som kan oppstå mellom ein mann og ei kvinne.

Powered by Labrador CMS