☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Kinnaspelet i 40 år – kva med framtida?

KINNASPELET: Vikingkongen Ramn vil ha den irske kristne prinsessa Sunniva til dronning. Her ber Sunniva om råd, frå Gud og sine vise menn.
Publisert

Ein solsøndag med publikum oppover bakkane, og eit fargesprakande spel over scena ved Kinnakyrkja, sette punktum for Kinnaspel-helga i år – truleg ei av dei aller beste framsyningane gjennom historia.

Dette er det 40. året Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø, har rulla over scena ved den snart 1000 år gamle kyrkja. Frå urpremiera i 1985 til i dag har ikkje ei einast framsyning vore avlyst, bortsett frå i to år under Korona-pandemien, då alle store kulturarrangement måtte «kvile på årane». 

For oss som har følgd spelet frå starten, ser ein tydeleg ei progressiv utvikling mot eit betre og betre produkt. Utgangspunktet var langt frå dårleg i 1985, og nettopp derfor kom spelet igjen og igjen, kvart år. Den gongen var det smått med kostyme, stort sett berre dei profesjonelle var kledde opp med eigne drakter. Koret lånte kappene av kyrkjekoret – først etter mange år fekk dei munkekapper som viste kva rolle dei eigentleg spelte.

Powered by Labrador CMS