| Debatt
Kanskje treng nokon å høyre at dei er verdifulle for deg
OVERRASKET: Når eg chattar eller snakkar med unge, overraskar det meg kor mange som gir uttrykk for å vera verdilause, skriv May-Irene Wergeland i Kirkens SOS.
Kirkens SOS
Hjerteskjærande. Eg veit ikkje eit meir dekkande ord enn dette. Samtidig skildrast det å mista nokon i sjølvmord som så vondt at det slett ikkje finst ord for det. Vondt for dei næraste først, fremst og lengst. Men også for alle rundt. Alle lever vidare med spørsmål, ofte rundt kva ein burde sett og gjort. Om berre ...
Ein dag på seinvinteren fekk eg ein overraskande telefon. Eg var på full fart opp trappa til andre etasje, og sveipa glad over tastaturet då eg såg kven som ringde. Til mi forskrekking høyrde eg den kjende stemma sei: det verste tenkelege som kan skje, har skjedd. Eg kjende tida stoppe. Eit sjølvmord i næraste familie. Så fullstendig uventa og rystande.
Vi er alle berre menneske som treng einannan. I motgang og i medgang.