Leder
POLKØ: Vinmonopolet fryktar lange køar før jul, melder E24. Biletet er teke på Bekkestua i Oslo under pandemien.
Jil Yngland/NTB
Kan seks flasker vin dekke alle våre behov i jula?
Vinmonopolet fryktar lange køar før jul, melder E24. Faktisk så lange at det kan vere snakk om pandemitilstandar. Det ligg an til kunderekord, seier polsjefen.
Samtidig har Aftenposten og Bergens Tidende skrive handleliste til dei som har tenkt å stille seg i køen. På lista står seks flasker. «Seks smaker kan dekke alle dine behov i julen›, lovar dei.
Alle dine behov? Det er ein frisk lovnad.