Leder
BLIR TESTA: Deltakarane i Kompani Lauritzen blir sende ut på øvingar som set mot, vilje og samarbeidsevner på prøve.
TV2
Kan Kompani Lauritzen lære oss noko om kva som bur i folk?
Til dagleg er Ingrid Halstensen sportsjournalist i TV 2. Denne våren er ho ein av 14 deltakarar i den populære realityserien Kompani Lauritzen, som ber namnet til programleiar og tidlegare proffsyklist Dag Otto Lauritzen.
«Dag Otto kaster 14 kjendiser på dypt vann i håp om at beinhard disiplin og intense utfordringer skal gjøre dem til hele mennesker som lever ut sitt potensial», heiter det i kanalens eigen omtale av konseptet.
Ei av øvingane er overfiring. Deltakarane skal åle seg langs eit tau som er spent over ei elv.