For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Frispark

Kampen om helsevesenets «sjel»

NORSK HELSEVESEN: Helseforetaksmodellen blei vedtatt i 2001 og innført ved årsskiftet 2002. Det var etter ein superkort høyring og behandling i Stortinget. Vips – så vart norske sjukehus styrt etter ei føretakslov etter modell frå aksjeselskap, skriv Kjersti Toppe.
Publisert Sist oppdatert

Helseforetaksmodellen blei vedtatt i 2001 og innført ved årsskiftet 2002. Det var etter ein superkort høyring og behandling i Stortinget. Vips – så vart norske sjukehus styrt etter ei føretakslov etter modell frå aksjeselskap. Spesialisthelsetenesta var tatt bort frå offentleg forvaltning. Sjukehus blei etter det driven etter marknadsøkonomiske prinsipp, med innsatsstyrt finansiering, bestillar – utførar modell og der investeringar måtte finansierast over driftsbudsjettet ved at pasientbehandling måtte gå med overskot. 

Det har ført til stadig større krav til effektivisering i drift, kutt i bemanning, nedbygging av sengeplassar, kortare liggjetid, manglande vedlikehald og sentralisering av tenester. I tillegg kjem ei ansvarspulverisering ved at Stortinget ikkje lenger må stå direkte til ansvar for utviklinga av denne velferdstenesta.

Denne måten å styre, finansiere og organisere spesialisthelsetenesta på, har ikkje lenger tillit. Dei negative konsekvensane er for store. Vi ser starten på ein alvorleg kompetanseflukt frå offentlege sjukehus. Måten ein finansierer nye sjukehusbygg på, der ein må kutte i drift og tenester for å betale renter og avdrag tilbake staten, det går ikkje lenger. 

Powered by Labrador CMS