JØDANE: Når vi i mai minnest våre fridomskampar og markerer våre dagar, sømer det seg å hugsa på at i vårt land gjorde dei fleste av oss lite og ingenting for å berga jødane som budde hjå oss, skriv Paul Odland.

Jødiske merkedagar på rekke og rad

Både når ein les Bibelen og jødisk soge elles, ser ein kor sentral byen Jerusalem er i tenkning og medvit. Byen står for noko heilt særeige; og byen og bynavnet er brukt i mange songar og salmer, som uttrykk for von og lengt, for glede og fellesskap, for himmel og evig sæle.

I nyare tid har det vakse fram mange nasjonale merkedagar i jødisk samanheng. Fire av dei kjem på vårparten. Her vil vi kort omtala desse, og ta med datoane for dei i 2018, etter vår tidsrekning. Felles for dei er at feiring og markering ofte tek til kvelden før; på same måten som sabbaten tek til fredag kveld.

Jom Ha’shoa. Den første kjem på den 28. i den jødiske månaden Nisan; hjå oss den 12. april. Jom Ha’shoa er namnet på minnedagen for Holocaustofra. Namnet kjem av det hebraiske ordet Shoah, som tyder katastrofe. På denne dagen er alle underhaldningsstadane i jødiske miljø stengde, og om kvelden lyder ein sirene. Alle reiser seg og er stille i to minutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagen må ikkje blandast saman med 27. januar, som er den internasjonale minnedage n etter Holocaust-ofra, og som vert markert mange stader også i vårt land.

Fauda er en israelsk tv-thriller som finner sted på Vestbredden, og handler om en pensjonert israelsk undercoveragent som jakter på en palestinsk terrorist. *Hva synes du om serien?Publisert av Dagen 10. april 2018

Datoen 28. Nisan er vald avdi det var då opprøret i ghettoen i Warszawa tok til i 1943. Soga om den jødiske ghettoen i Warszawa må vi la liggja her. Vi nemner berre at det var tusen på tusen av jødar som først vart stuva saman her, og som deretter vart frakta bort til dødsleirane.

Til slutt enda det med opprør og at jødane tok til våpen for å forsvara seg mot undertrykkinga. Minnedagen har først og fremst eit vemod-preg, men det er også noko stolt ved Jom Ha’shoa; avdi jødane i Warszawa synte at dei kunne slå tilbake.

Når vi i mai minnest våre fridomskampar og markerer våre dagar, sømer det seg å hugsa på at i vårt land gjorde dei fleste av oss lite og ingenting for å berga jødane som budde hjå oss.

Jom Ha’zikaron. Dei to neste markeringsdagane kjem tett på kvarandre, og kort tid etter Jom Ha’shoa. Og dei glir på sett og vis over i kvarandre, først ved at minnedag-preget er sterkast framme, så ei meir gladlynt feiring av nasjonaldagen.

Begge desse to kan flyttast eitt døgn fram hvis den andre av desse kjem i konflikt med sabbaten. Det er tilfelle i år. Derfor vil markeringa av den første, Jom Ha’zikaron, ta til allerede om kvelden 17. april, og den neste, Jom Ha’azmaut, startar om kvelden den 18. april.

Først av desse to er altså Jom Ha’zikaron – som kjem den 4. i den jødiske månaden Ijar hjå oss den 19. april. Dette er Israel sin minnedag for alle dei som mista livet i fridomskampane i 1948, og seinare også utvida til minnedag for alle sivile som er drepne ved terroråtak. Også denne dagen er spesiell. Om kvelden lyder det ein sirene, trafikken stoppar heilt opp, og folk er stille i eitt minutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jom Ha’azmaut. Dagen etter, på den 5. Ijar, kjem så Jom Ha’atzmaut; eller Israel sin nasjonaldag. I 1948, det året den jødiske staten vart skipa, fall denne på 14. mai. Hjå oss kjem dagen vesentleg tidlegare i år, nemleg 20. april. I mange norske og vestlege samanhengar vil dagen likevel i år 70-årsmarkeringa skje etter vestleg tidsrekning, på 14. mai.

I Israel er det ein seremoni på Herzl-fjellet. Leiaren i nasjonalforsamlinga Knesset held tale. Det er også tolv faklar, som står for dei tolv stammane. Folk pyntar gjerne både bilane og husa sine med flagg, som gjerne heng ute til neste markeringsdag, Jom Jerushalajim.

Det finst framleis folk hjå oss som hugsar at dei sat ved radioapparata og høyrde siste nytt både frå FN og frå kampane som kom umiddelbart etter at staten vart proklamert. Fleire av nabolanda gjekk umiddelbart til åtak på den unge staten. Kampane for å overleva, var harde. Mange spådde at Israel berre vart eit blaff. Overmakta var for stor. Men slik enda det som kjent ikkje.

Med tanke på kor stolte vi er av vår 8. mai og 17. mai, skal vi også prøva å forstå kor sentral og viktig denne markeringa er for det jødiske folket – først og fremst alle dei jødane som er busette i Israel, men også for dei mange millionane som bur i andre land. Likesom 17. mai er dagen for folkefest hjå oss, er Jom Ha’azmaut folkefest for jødane.

Skjøkja Rahab som vi les om i Josva-boka, seier det slik ein stad: Det er Gud som har gjeve dykk landet. Slik må vi tenkja også om det landet Gud har gjeve oss.

Jom Jerushalajim. Den fjerde merkedagen er Jom Jerushalajim – Jerusalemdagen. Denne vert markert på den 28. Ijar, til minne om at Jerusalem på ny vart éin forent by i 1967. Denne dagen fell oftast i mai hjå oss, men stundom også i juni. I år kjem dagen på 13. mai.

Både når ein les Bibelen og jødisk soge elles, ser ein kor sentral byen Jerusalem er i tenkning og medvit. Byen står for noko heilt særeige; og byen og bynamnet er brukt i mange songar og salmer, som uttrykk for von og lengt, for glede og fellesskap, for himmel og evig sæle. Ein kvar som har vandra i bygatene, kjenner på noko av all den atmosfære, tradisjon og soge som sit i husveggene.

I Salme 137 finn ein fleire uttrykk for lengt til Jerusalem, og for sorg over å vera i eit anna land, eller i diasporaen som jødane sjølve uttrykkjer det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook

Les også
– Hvor ble det av registeret for hatkrim mot jøder?
Les også
Ny film om flukten fra Sobibor
Les også
Den jødiske jenta som lurte nazistane
Les også
Mener Hamas ofrer sivile for å skape gode overskrifter
Les også
Israel slår til mot Hamas-mål som svar på utplassering av bomber