| Debatt
Jødehatet aukar, me bør skamma oss
VAKT: Politibilar utafor Det Mosaiske Trossamfunn sin synagoge i Bergstien i Oslo.
Stein Gudvangen
I ein artikkel frå forskning.no blei det vist til ei ny undersøking som syner at alle former for
antisemittisme har auka. Dette er uakseptabelt! Artikkelen blei publisert 6. mai – berre to
dagar før me markerer frigjeringa frå nazistane 8. mai.
Det er djupt alvorleg at det i Oslo i
dag er væpna vakthald ved synagogen alle dagar i veka. Det er ikkje normalt. Og det faktum
at dette ikkje blir teke på alvor, er ei skam. Det er eit svik mot det motstandsrørsla kjempa
for under krigen, at me framleis slit med antisemittisme i Noreg. Har me verkeleg ikkje lært
av fortida?
Men ein løyser ikkje slike problem ved å ignorere dei. Mange tenkjer kanskje at dette er «deira» problem, ikkje mitt. Kvifor skal me bry oss når jødane er så få? Slike tankar er farlege.
For antisemittisme er ikkje berre eit angrep på jødar – det er eit angrep på trusfridomen og
ytringsfridomen vår. Desse fridomane er grunnmuren i det norske demokratiet, og når dei
blir trua, må me stå saman. Me må samla oss for å løyse problema i notida – og jobbe for å
førebyggje hat og fordomar i framtida.