❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Bokanmeldelse

Jens Arup Seip og historiesynet hans

HISTORIKAR: Jens Arup Seip (foto) fekk ein unik posisjon fyrst og fremst som historikar, men også som fagbyggjar og rikssynsar, skriv Lars Gaute Jøssang.
Publisert Sist oppdatert

Kvart fag har nokon som på ein særleg måte definerer, ordnar og set kursen. Etter siste krig var Jens Arup Seip (1905–1992) ein slik person i historiefaget vårt. Han fekk ein unik posisjon fyrst og fremst som historikar, men også som fagbyggjar og rikssynsar. Det ligg førre nokre mindre, men ikkje noko større og samla arbeid om han. Med «Jens Arup Seip. Historikeren og hans land» har Åsmund Svendsen, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, bøtt på denne mangelen. Resultatet har blitt ein stor, gjennomarbeidd, fagleg solid og velskriven biografi. I det fylgjande skal eg ta nokre tematiske dykk med særleg vekt på historiesynet hans.

Innsteget 

Svendsen har vald ein brei og samfunnsorientert biografivariant. Arbeidet har han orientert ut frå formelen mann – fag – samfunn. Med det rike kjeldetilfanget, inkludert dagbøkene og notata frå Seip sjølv, fall ei slik tilnærming sikkert naturleg. Biografien er kronologisk bygd opp. I tur og orden kjem bolkane «Familien 1905–1940», «I spill 1940–1945», «Frihet 1945–1960», «Avsløreren 1960–1975» og «Forskyvinger 1975–1992». Svendsen tek såleis lesaren med gjennom dei ulike fasane i livet hans, frå formative oppvekstår i Bergen til han døydde på arbeidsrommet sitt i Oslo, nær 87 år gamal.

Powered by Labrador CMS