| Frispark
Israel-kritikken går av skaftet
OPPSPINN: Myrderia 7. oktober var dessutan sett i stand av jødane sjølve, fekk me nyleg opplyst frå den offisielle Hamas-talsmannen Osama Hamdan (bilete frå 2024) på norsk fjernsyn, skriv Hallgrim Berg.
Malak Harb / AP / NTB
Israel er landet som det ut frå ulike motiv og interesser er opportunt å ha som hoggestabbe. Særleg for mislukka og avundsjuke statar i nærområdet, men òg for FN, som lirkar fram fleire resolusjonar mot Israel åleine enn mot alle andre land til saman.
I norsk politikk: Etablerte media – storaviser, riksradio- og fjernsyn – fyller spaltene og kanalane sine med stoff og vinklingar som forsterkar demoniseringa av landet med det einaste folkevalde regimet i heile Midtausten.
Fire-fem stortingsparti overgår kvarandre i negativ omtale og påstandar om Israel. Attåt dei tre sosialistpartia Raudt, MDG og SV, har regjeringspartiet Ap ført Noreg ut i ei diplomatisk hengemyr og paralysert ambassaden. Samstundes inne i «godheitsindustrien» med statleg rund hand til håplause fredsprosjekt og ein serie mektige (statsfinansierte) «frivillige hjelpeorganisasjoner».