INNSPILL: «For ein generasjon sidan meinte mange at religionen ville forsvinna, i alle fall frå det offentlege rommet, og vitskapen og fornufta ville overta. Det ville skje ei gjennomgripande sekularisering. Det siste har langt på veg skjedd, men parallelt har religion fått ei oppblomstring i samfunnet», skriver Johannes Kleppa, tidligere redaktør i Dagen.

Islam – myter og fakta

All religion kan ikkje skjerast over ein kam, då vert fakta omforma til myter.

Det er i år hundre år sidan det skjedde eit folkemord på kristne minoritetar i Det osmanske riket. Det ramma særleg armenarar, men også assyrarar og kaldearar.

LEDERARTIKKEL: Anerkjenn folkemordet på armenerne

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det osmanske riket var eit islamsk storrike med tyngdepunkt i Tyrkia, og det gjekk i oppløysing i og med den første verdskrigen. Tidlegare vart ofte muslimane omtalte som «tyrkarane». Slik uttrykte Luther seg, og slik var det eit tid etter reformasjonen. Det gjaldt om å stoppa tyrkarane og deira invasjon i Mellom-Europa, og det skjedd på slutten av 1600-talet. Det var ikkje tyrkarar som etnisk gruppe som var faren, men islam. Islam erobra raskt store delar av dei kristne områda rundt Middelhavet, særleg i Nord-Afrika og Midtausten.

Denne erobringa skjedde ved krig. Då dei same områda fram til rundt år 500 vart kristna, skjedde det ved forkynning og diakoni –ved omreisande predikantar, kristne sine vitnemål og gode gjerningar. Den forskjellen på måten kristendom og islam vart utbreidd på, er typisk. Det er også bakgrunnen for at kristendommen historisk er kalla «kjærleikens religion», medan islam er kalla «sverdets religion». I religionsdebatten er det no ein sterk tendens til å setja all religion på ei line, og då skjer det ei utjamning som gjer at kristendommen vert brutalisert og islam humanisert.

All religion kan ikkje skjerast over ein kam, då vert fakta omforma til myter. For ein generasjon sidan meinte mange at religionen ville forsvinna, i alle fall frå det offentlege rommet, og vitskapen og fornufta ville overta. Det ville skje ei gjennomgripande sekularisering. Det siste har langt på veg skjedd, men parallelt har religion fått ei oppblomstring i samfunnet. Det er ei oppblomstring i vårt land som har gått på kristendommens bekostning, og som har favorisert religionar som ikkje har hatt noko fotfeste her før, særleg islam.

I samband med markeringa av folkemordet i Armenia har Bård Larsen, forfattar og historikar i Civita, skrive ein tankevekkande artikkel i Prosa, tidsskrift for sakprosa (nr. 2/15), under tittelen «En historie uten slutt». Her gjev han ei kort innføring i det som skjedde for hundre år sidan. Med tanke på Det osmanske riket, som altså var eit islamsk rike, skriv han nokså illustrerande:

«En ganske gjenstridig myte som har festet seg i folks historieoppfatning, er forestillingen om at Det osmanske riket var et imperium bygge på religiøs toleranse. Det osmanske riket var, med noen få periodevise unntak, et segregert samfunn. Sosial og kulturell identitet og status var bestemt av religiøs tilhørighet. Sharialovene var det autoritative lovverket, og ikke-muslimer hadde liten eller ingen rettssikkerhet. I realiteten var derfor Det osmanske riket et sosialt system med første- og andrerangsborgere. Med en «inn»-gruppe bestående av muslimer og en «ut»-gruppe bestående av ikke-muslimer.»

Dette er typisk for islamske samfunn.

Les også
Ikke propaganda, men vanlig journalistikk
Les også
Kristendom og slaveriet
Les også
Opprørende lesning
Les også
Skolen holder minnestund for drept 19-åring
Les også
Fem terroraksjoner avverget i Frankrike