| Debatt
Islam-kristne institusjonar og rasisme
SKRIBENT: Tidligere redaktør i Dagen, Johannes Kleppa.
Kai Flatekvål
Det har oppstått ein debatt etter at MF vitskapelege høyskole (MF) har tilsett ein muslim som lærar og forskar, og etter at institusjonen har tilrettelagt for bønn og refleksjon som ikkje skjer i Jesus namn, men i praksis i stor grad i Allahs namn.
Sjølv om dette er noko heilt nytt ved ein kristen læreinstitusjon, forsvarar MF det som noko heilt sjølvsagt. Det vitnar om korleis pluralismen og relativismen har trengt gjennom på alle hald i samfunnet, også der det skulle vera umogleg – i kyrkjeleg teologi, altså i læra om den eine sanne Gud som har openberra seg i Jesus Kristus.
Eit av dei merkelegaste og mest absurde innlegga står 17 stipendiatar ved MF for i det akademiske fagorganet Khrono. Det er altså folk som arbeider med doktorgrad på ulike felt, og som med det høyrer til den fremste akademiske eliten.