| Debatt
Islam har ein lang veg å gå
SORG: Innbyggere i den nord-nigerianske byen Kurmin Wali sørger etter et angrep som kostet 162 menneskeliv. Bak angrepet sto en muslimsk terrorgruppe affiliert med IS.
Kaduna State Government
Takk til Shoaib Mohammad Sultan for å ville diskutere islam med oss vanlege truande som enno ikkje er overtydde om mildskapen i Fredens religion.
Mitt ærend med frisparket i Dagen 16. januar var å vise at islam slett ikkje er fredeleg. Ei samanlikning mellom religionane – historisk og i dag – viser at det er kristendomen som kjem tydeleg ut som den mest fredsame, miskunnsame og positivt menneskelege av dei to. Nokre hakk i det kristne skjeftet i mellomalderen (heksebrenning og inkvisisjon) er småtteri (promillar) målt mot dei islamske nedslaktingane sidan år 627 og i hundreåra framover.
Islamske interessentar vil ikkje høyre om denne valdelege soga; det kan skade omdømet og dagens framgang.