| I fokus
Innrett bedehusa til messefeiring
SPIRITUALITET: Det trengs ein spiritualitet for ei samtid som har erfart den totale sekulariseringa og nådd botnen, skriv Dagens spaltist.
Dagen-arkiv
Vår tid er ettersekularisert. Ein heil generasjon ungdomar, generasjon Z, har fått den totale sekulariseringa i fødselsgåve. Over heile Europa er dei på leiting etter faste punkt. Foreldra deira formidla ikkje Jesus til dei.
Men ungdomane strøymer til kyrkjene for å ta imot Jesus og bli døypte. Dei har sett teikna på at mennesket er ’lost in space’. Kulturen som lærte dei at mennesket har teke over for Gud, skremde dei. Alle sanningar var gjort like. Det livsynsope samfunnet med forsont mangfald erfarte dei som villfaring.
Ungdomane gjorde som guten i likninga om den bortkomne sonen. Han som var ’lost i grisebingen’ og 'kom til seg sjølv'. Han fekk heimlengt. Det vart vekt minne i han om ein far som venta på han.