Ingen ting hindrar Herren

Me lever i ei tid der frå­fal­let frå Guds ord er stør­re enn nokon gong sidan kris­ten­dom­men vart inn­ført her i lan­det for tusen år sidan. Som kris­ten­folk tapar me slag etter slag i ånds­kam­pen, og det ser ut som om dje­ve­len si­grar på alle fron­tar, skriver Dag Rune Lid.

I 1. Sa­mu­els­bok kap. 13-14 står ein his­to­rie som ber med seg mange pa­ral­lel­lar til vår tid, og som har gjeve in­spi­ra­sjon til Guds folk gjen­nom alle tider. Det var vel­dig ånds­kamp kring Guds folk, då som no.

Fien­den som om­kran­sa dei var så mange som san­den ved hav­sens strand. Fol­ket var så hardt treng­de at dei gøym­de seg i hòler og hel­la­rar og berg­skor­ter og kjel­la­rar og brun­nar. Det står at heile fol­ket fylg­de Saul skjel­van­de.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje nok med at angs­ten og mis­mo­tet hadde gripe Guds folk, men fi­list­ra­ne hadde over tid luk­kast med noko som var svært far­leg. Dei hadde ut­ryd­da alle sme­da­ne i Is­rael - dei som laga våpen.

Difor var det berre Saul og sonen Jo­na­tan som hadde sverd. Ein over­vel­dan­de fien­de, og eit folk prega av angst og mis­mot, og utan våpen. I san­ning ein håp­laus si­tua­sjon for land og folk.

Når eg les denne his­to­ria kjem eg ikkje uta­nom å ten­kje på vår eigen si­tua­sjon som folk og land. Kris­ten­fol­ket taper slag etter slag i ånds­kam­pen, og dje­ve­len si­grar på alle fron­tar, ser det ut for.

Hadde ein sagt for 20-30 år sidan at dei fles­te bis­ko­pa­ne i dag vil vel­sig­ne det Bi­be­len seier er synd, trur eg dei fer­ras­te mel­lom kris­ten­fol­ket ville trudd at så kunne skje. Men no skjer det for våre augo.

Dei vel­sig­nar synda med stort fri­mod, og fører Guds vrei­de over folk og land. Dei som skul­le vere hyr­dar, for­fø­rer vårt folk.Bi­bel­kri­tik­ken har også fått herje fritt ved våre lær­e­in­sti­tu­sjo­nar, og mel­lom Guds folk i kyr­kje og bede­hus mi­ni­ma­li­se­rer ein Guds ords på­verk­nad.

Me ser kor­leis dje­ve­len på lik linje med fi­lis­ta­ra­ne på mange vis har rydda ut An­dens sverd Guds ord mel­lom oss.Dette me høy­rer om her, er talt som for­bil­de for oss. Rom 15:4. Difor gjev det von og in­spi­ra­sjon å lese dette for Guds folk. For Her­ren er den same, og hans ord er det same. Her­ren har ikkje for­and­ra seg. Hebr 13:8

Jo­na­tan er ikkje opp­te­ken av den vel­di­ge fien­den, men kven Her­ren er, og kva han kan gjera. Han seier: «Kan henda Her­ren gjer noko for oss.

Ingen ting hind­rar Her­ren frå å frel­sa, anten det er ved mange eller ved få.» 1. Sam 14:6 Han fryk­tar ikkje men­nes­ke, for han har er­fart at Her­ren all­tid står ved sitt ord og løfte. Oskar Michel­sen var frå Ski utan­for Oslo og vart mi­sjo­nær på Ton­go­øy­ane i Stille­ha­vet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då han i 1878 hadde lært så mykje av språ­ket at han kunne tale til fol­ket vart han sett alei­ne att på ei øy med 1100 men­neske­eta­rar.

I ut­gangs­punk­tet var den full av fien­dar. Han bygde seg eit lite hus, og då kom dei og kring­set­te huset hans væpna til ten­ne­ne.

Dei steig fram og spur­de: - Kor er våp­net ditt? Michel­sen løfta sin Bibel og sa: - Her er mitt våpen!

Kva skjed­de? Då Michel­sen kom til Tonga i 1878 fanst det ikkje ein kris­ten. Då han reis­te frå øya 53 år sei­na­re i 1931, var alle døyp­te og ved­kjen­de seg kris­ten tru. Kor­leis kunne noko slikt skje?

Jau, han hadde same tru på Ordet som Jo­na­tan. Eit ord som: «er le­van­de og verk­samt og kvas­sa­re enn noko tvieg­gja sverd.

Det tren­gjer igjen­nom heilt til det kløy­ver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer hjar­tans tan­kar og råd.» Heb 4:12 Der Ordet i san­ning får lyda, der talar Den Hei­la­ge Ande til sam­vi­ta så dei vert vekte opp og får med Den Hei­la­ge Gud å gjera. Der skjer det under også i dag! Der kan Her­ren enno frel­se men­nes­ke!

Pau­lus talar også om dette vå­pe­net og seier: «For jam­vel om me lever i kjø­tet, så fører me ikkje stri­den vår på kjøt­leg vis.

For våpna våre er ikkje kjøt­le­ge, men mek­ti­ge for Gud til å støy­ta ned fest­nin­gar, i det me riv ned tanke­byg­nin­gar og kvar ei høgd som rei­ser seg mot kunn­ska­pen om Gud, og tek kvar tanke til fange under lyd­na­den mot Kris­tus.» 2.Kor 10:4-5 Jo­na­tan og vå­pen­svei­nen går fri­mo­dig fien­den i møte - for dei veit kven deira Gud er og kva han for­mår.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jo­na­tan seier så fri­mo­dig: «Ingen ting hind­rar Her­ren frå å frel­se, enten det er ved mange eller få.» Fo­ku­set er sett på Her­ren, på hans ord og løf­ter. Det er ikkje hjå Gud det er trongt, men i våre hjar­to. Får berre Ordet rom i sam­vi­ta, kan un­der­lege ting skje også i dag. Då vert men­neske­fryk­ta dri­ven ut.

«Ingen ting hind­rar Her­ren.» Tenkt for eit per­spek­tiv! Er det ikkje un­der­leg å høyre slik tale når si­tua­sjo­nen ser så håp­laus ut? Det er ord som er fulle av tru og til­lit til kva Her­ren kan gjere, kva Her­ren for­mår! For han som har all makt i him­me­len og på jord, betyr det ikkje noko om dei men­nes­ke­le­ge mid­lar er få eller mange. Ingen ting er umog­leg for han!

Me kan berre ten­kje på Gi­de­on som mista 99 pro­sent av hæren sin, og li­ke­vel vart det ein over­vel­dan­de siger over fien­den - som også var som san­den ved hav­sens strand. Også han sette sin lit til Her­ren alei­ne.

Ein mann eller kvin­ne som har Gud ved si side, er i ma­jo­ri­tet uan­sett kor over­vel­dan­de fien­den er. Der Ordet i san­ning slepp til, der kan Her­ren fort­satt skapa alt av «intet».

Han kan til og med skape liv av døde seier Ordet, for Guds ord er eit ska­par­ord som ska­par det som det nem­ner!Kva skjer når Jo­na­tan og vå­pen­svei­nen kon­fron­te­rer fien­den? «Då kom det ei reds­le i lei­ren, på marka ikring og mel­lom alt fol­ket.

Jam­vel for­pos­ten og her­je­flok­ken vart grip­ne av reds­le. Jorda riste, og Gud slo dei med reds­le.» Her­ren går føre!

Midt på dagen, når fien­den ser dei, mot all men­nes­ke­leg for­nuft, og alle men­nes­ke­le­ge stra­te­gi­ar, heilt ope og like­fram går dei - utan snik­ve­gar, men i til­lit til Her­ren. Kva skjer? Her­ren kjem­par for dei!

Skal me vinne ån­de­le­ge si­grar i vårt folk og land er det dette som må skje, at Her­ren kjem­par for sitt folk. Difor yns­kjer Her­ren at Guds folk bru­kar hans våpen - Ordet og bøna, for in­gen­ting hind­rar Her­ren frå å frel­se enten det er ved mange eller få.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

La oss berre sjå kva som skjed­de tid­le­ga­re når folk ropte til han: Moses løfta sine hen­der mot him­me­len, og Is­rael sine fien­dar vart sleg­ne. Josva bad og sola stod stil­le i Gi­be­on og månen i Aja­lons dal.

Josa­fat og fol­ket bad, og fien­da­ne tynte kvar­and­re og vart lig­gjan­de for deira føter. Da­ni­el bad og Her­ren lukka lø­ve­ne sine gap og følg­de sine i el­dom­nen. Peter sine vener bad og lek­kje­ne fall av han, og dø­re­ne i fengs­let vart opna. Er Bi­be­lens Gud den same i dag? Ja, og in­gen­ting hind­rar Her­ren om han vil!

Bibelens GudDag Rune LidNorheimsund