Frispark
REKLAME: Tre av ti innlegg frå influensarar eksponerer barn og unge for innhald relatert til tobakk, alkohol, kropp eller seksuelt innhald, skriv Kjersti Toppe.
Håkon Mosvold Larsen/NTB
Influensarar må skjerpe seg
Medietilsynets nyleg framlagde rapport om reklame mot barn i sosiale medium er skremmande lesing. Som foreldre er vi kanskje mest irritert over tida som dei unge brukar på nett og på skjerm.
Barn burde heller vore ute eller gjort sosiale aktivitetar saman med andre, tenkjer vi gjerne. Men kan hende vi bør vere mindre oppteken av skjermbrukstida, og meir oppteken av innhaldet? Kva blir barn og unge eksponert for på nett?
Barn blir eksponert for ein bråte med reklame gjennom sosiale medium. Medietilsynet har kartlagt kva reklame barn får frå influensarar – gjerne kalla påverkarar.