| Kommentar
Ikkje alle av oss har den luksusen å møta blikket frå andre i jolehøgtida
BESTEN: Besten hadde mange rundt seg, men kvardagane heime vart mange og åleine.
Kai Flatekvål
Det er ikkje lenge att før jolefreden senkar seg over dei aller fleste av oss.
Pinnekjøt, presangar og familiestund er i høgsetet når jobb får vera jobb, og stresset der ute i kvardagen kan stengjast ute.
I heimen blant mange av oss, ligg det ei glede over å berre vera i lag med kvarandre, eta og prata, kjekla og verta vener att.