❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Idrettsglede – passar banning inn der?

BANNING: Passer banning inn i idrettsgleda, spør Oddvar Høgevoll.
Publisert Sist oppdatert

Ikkje er eg aktiv eller hovudstups interessert i idrett. Sjølv om eg kan oppleve å la meg riva med når det til dømes er skiskyting på tv-skjermen. Mange gonger med kona og kaffien ikkje langt unna.

Men då er vi inne på dette med upassande språkbruk blant idrettsfolket. Under slike arrangement som idretten er, må ein rekne med at småborn følgjer med. Og eg trur vi endå i dag er mange som ser på dette, med banning i media, som både ufint og upassande – ja, ikkje minst unødvendig!

Spørsmålet er, blir overføring av ski og skøyteløp meir spennande og moro ved at ord som «forbanna» eller «helvete» blir klint inn i øyro våre under sendingane via tv-skjermen?

Powered by Labrador CMS