| Debatt
Ideologisk einsretting ved hjelp av språket
KJØNN: Ein gut er ein gut, ei jente er ei jente, ei mor er ei mor, ein far er ein far, ei bestemor er ei bestemor, ein bestefar er ein bestefar, ei søster er ei søster, ein bror er ei bor – og han er han og ho er ho! skriv Johannes Kleppa.
Frank May / NTB
Det går føre seg for tida ei nokså sterkt ideologisk einsretting i samfunnet vårt, og det skjer i stor grad ved styresmakta, media og kulturen – der regjeringa er i førarsetet. Vi har over lengre tid sett det i skule og oppseding, og vi ser det no tydeleg med tanke på det språket og det ordvalet som skal brukast i alle offentlege samanhengar.
I 1948 gav George Orwell ut boka 1984. Det er ei bok om manipulering, ideologisk einsretting og psykisk maktbruk på ulike plan og mange område. Det er umogleg å få tak i kva som skjer, men folk vert styrte. Det skjer noko i krokar og krinklar, i hemmelege rom og i uforståeleg tale. I dette er språket ei viktig sak. Det som Orwell kalla «nytale». Det betyr at ein innfører nye ord på ulike ting, og ein legg ei ny tyding i orda. Folk vert med det forvirra og forførte. Dei vert lurte og indoktrinerte. Språket omformar samfunnet og folket.
Dette har lenge vore eit problem her i landet, men no skjer det i stadig større omfang og tempo. Folk set på sine kontor og lagar lovar og reglar, utgreiingar og rettleiingar, og innfører ny språkbruk. Vi har sett det i at fosterdrap vert omtalt som abort og fosterreduksjon, at fosteret vert omtalt som ein klump eller ein del av mora sin kropp, og i at samliv mellom to av same kjønn vert omtalt som ekteskap. Vi har også over litt tid sett det i omtale av kjønn og kjønnsidentitet, og dette vert no køyrt fram med stor tyngde.