«I love the smell of nynorsk in the morning»
KINO: Vi meiner filmar som får distribusjon i Noreg, jamleg burde koma med teksting på nynorsk, skriv Peder Lofnes Hauge. Her frå festpremiera for filmen «Flåklypa – fra Paris til pyramidene» på Colosseum Kino i Oslo før jul.
Javad Parsa / NTB
Nynorsk er framleis nærmast usynleg på det store lerretet. Kvifor skal ikkje dei som går på kino over heile landet, få sjansen til å lesa nynorsk teksting?
Over ein tredjedel av alle kommunale kinoar i Noreg ligg i nynorskkommunar eller i språknøytrale kommunar med ein stor del nynorsk. Likevel er det nesten ikkje kinofilmar som vert teksta på nynorsk, viste ei sak i NRK 19. november.
Ingen krav om nynorsk