☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Leder

I fjor var festivaltema Bibelen, i år er det sex. Dei burde ha lært litt!  

Ytringsfridomsfestivalen verkar religiøs i omgangen med transtematikk. 

OMSTRIDD: Boka Gender Queer er igjen i vinden, sju år etter publisering. Forfattaren skal på festival i Stavanger i haust.
Publisert

Då temaet for fjorårets Kapittel-festival i den sjølvoppnemnde ytringsfridomsbyen Stavanger var klart hausten i 2024, var festivalsjef Birk Florian Fischer Magnussen lynkjapt ute med eit par forsikringar som verka heilt presserande. 

«Det betyr ikke at Stavangers internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet har steget over til å bli en kristenpietistisk festival», ramla han i veg, nærast før Aftenbladet-journalisten verka å ha fått formulert eit einaste spørsmål. 

Magnussen følgde umiddelbart opp med å avkrefta eventuelle førestillingar om at det ville vera ein «religiøs inngang» berre fordi temaet var Bibelen. For, som han sa, «målet er ikke å komme fram til noe svar». 

Powered by Labrador CMS