| Frispark
Hurra for demokratiet vårt
DEMOKRATI: I Noreg er vi heldig som lever i eit land med folkestyre. Vi har nettopp hatt Stortingsval, og val er sjølve kjernen i eit demokrati, skriv Kjersti Toppe.
Heiko Junge / NTB
For fyrste gong på 20 år er det no fleire menneske i verda som lever i eit diktatur, enn i eit demokrati. I Noreg er vi heldig som lever i eit land med folkestyre. Vi har nettopp hatt Stortingsval, og val er sjølve kjernen i eit demokrati. Er du ueinig med styresettet, med politikken eller prioriteringane, kan du kaste folk (politikarar) ved val.
Frank Aarebrot var glødande opptatt av val. Han åtvara mot konsekvensen av å ikkje bruke røysteretten: «Heimesitjing er ei halv stemme til dei du likar minst.» Difor er det mest gledelege ved årets stortingsval at valdeltakinga var den høgaste på lenge. 79,9 prosent av dei med stemmerett, røysta. 63 prosent gjorde dette før sjølve valdagen, som også må vere ny rekord. Vel 26.000 stemte blankt. (Valresultat.no, 10.9)
Eg har vore på val sjølv i år, og synest at valkamp er veldig kjekt, men kjempetravelt. Vi er på ein måte oppe til eksamen. Vi får karakter av dei som vurderer oss, altså veljarane. Får vi ikkje høg nok karakter, kjem vi ikkje inn. Så enkelt er det. Demokratiet fungerer faktisk. Har du eller partiet ditt ikkje lenger tillit, får du mindre stemmer. Har du eller partiet ditt auka tillit, får du fleire stemmer.