Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Frispark

Humor og vidd på Stortinget

HUMOR PÅ STORTINGET: Etter ein ladning med humor og vidd frå Stortinget (Frispark 22. mars) mottok eg så mange takksame helsingar, at eg vågar ein ekstra runde, skriv Hallgrim Berg.
Publisert

I ei tid med norsk elende og internasjonal uro er det ikkje av vegen med litt tidlaus humor. Etter ein ladning med humor og vidd frå Stortinget (Frispark 22. mars) mottok eg så mange takksame helsingar, at eg vågar ein ekstra runde.

Bakgrunnen var at Jo Benkow i 1981 hadde gjeve råd om å skaffe meg notisbok og kulepenn som alltid skulle vera klar i innerlomma til å loggføre glupe og mindre glupe utsegner som eg skulle få høyre frå talarstolen, i restauranten eller i forbifarten i korridorane. Det var morosamt i seg sjølv, sa han, og med tida kunne notisboka vise seg til nytte?

Humor er av mangt slag. Ein reknar over tjue kategoriar. Humoren er ikkje alltid eintydig; han er kva menneske og miljø gjer han til. Han kan vera godhjarta, byggjande og til hjelp i livet. Humor er til mykje meir enn å flire av. Som Arthur «Oluf» Arntzen seier: «Vi har humor tell bruk i stormnatta når vi ror med dauen på båtripa … og vi har humor tell bruk førr andre fæstlige anledninga.»

Powered by Labrador CMS