| Debatt
Hoppar bukk over Modis ansvar for ekstremisme
I sin iver etter å snakka fram India hoppar diverre Jan-Aage Torp bukk over det politiske ansvaret for hinduekstremismen i landet.
AGENDA: Det slår meg at Torp ikkje med eit ord nemner at ekstremistane har ein hindunasjonalistisk agenda og er tett kopla til regjeringspartiet BJP og statsminister Narendra Modi (biletet).
Ezra Acayan / AP / NTB
Eg har aldri påstått at India er «et av verdens verste land». Aktørane som publiserer rangeringar, kan sjølve gjera greie for metodebruken.
Men den djupe uroa for utviklinga i India blir ikkje mindre etter å ha lese innlegg frå folk som Jan-Aage Torp. Han insisterer på at han tek ekstremisme, trakassering og vald mot kristne og muslimar på alvor. Likevel fungerer Torps innlegg som ei bagatellisering, sidan han skriv hendingane av på ein konto for proporsjonar i eit land med 1,4 milliardar menneske. Torp har rett i at langt frå alle kristne har opplevd forfølging på kroppen.
Hindunasjonalistisk agenda