| Debatt
Høgre vil sikre laurdagsavisa
LAURDAGSAVISER: Ap føreslår å leggje ned omberinga av laurdagsaviser i store delar av landet frå 1. juli. Høgre vil halde fram med ordninga, skriv Anne Kristine Linnestad.
Monica Jenssen
Mange tusen nordmenn har som rutine å kunne hente ei fersk avis kvar laurdags morgon. Om regjeringa får det som den vil, er det slutt på dette for svært mange frå sommaren. Dei føreslår nemleg å leggje ned omberinga av laurdagsaviser i store delar av landet frå 1. juli. Høgre vil halde fram med ordninga.
Samferdselsdepartementet reknar med at om lag 40 prosent av befolkninga bur på adresser utan kommersielle avisbod, særleg gjeld dette utanfor dei store byane. Desse abonnentane vil ikkje lenger få avisa på laurdagar, sjølv om dei betaler for henne.
Lesarane set også pris på avisa.