Kommentar
PÅ FLUKT: Ei kvinne og fire barn på veg frå Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan til Armenia.
Vasily Krestyaninov/AP/NTB
Ho er armenar. No flyktar ho til fots. Føler du at du har sett henne før?
Kvinna på biletet er eit ekko frå historia. Ho går i spora til formødrene sine.
I spora etter armenarar som flykta for livet frå massakrar under det ottomanske imperiet på 1800-talet. Frå Hamadian-massakren som byrja i 1894 og Adana-massakren i 1909.
I spora til armenarar som under første verdskrig vart drivne vekk frå heimane sine i området som i dag er Tyrkia. Dei som vart tvinga avgarde på lange marsjar mot den brennheite syriske ørkenen.