| Debatt
Hjå friskulane har styret overordna ansvar på alle plan
SKRIBENT: Tidligere redaktør i Dagen, Johannes Kleppa.
Foto: Kai Flatekvål
Det skjer mykje positivt rundt om på kristne friskular for tida. Det gjeld både god søkning, og at det skjer åndeleg gjennombrot hjå mange elevar. Dette kan vi lesa om i media, ikkje minst i Dagen. Dette gir stor grunn til takk og forbønn.
Samstundes er det slik at heller ikkje dei kristne friskulane er fullkomne. Det skjer difor uheldige ting også der, og det kan oppstå nokså alvorleg usemje internt. Det er viktig at slike forhold vert behandla på korrekt måte, slik at det kan finna si løysing utan for stor skade. Normalt bør det skje internt ved skulen, men nokre gonger er det naturleg og nødvendig at det kjem i media.
Det bør i slike saker skiljast mellom «vanleg» usemje og varslingssaker. Usemje kan gå på opplegg, profil og andre saksforhold. Varsling går på når folk vert behandla på kritikkverdig måte. Nokre gonger går dette over i kvarandre, særleg ved at sakleg usemje fører til at folk vert behandla urett. Varslingssaker går normal internt, men dersom det viser seg umogleg å nå fram med seriøs behandling av varslingar, kan det vera nødvendig å gå til media. Det har vi sett døme på dei siste åra i kristen samanheng.