| Debatt
Helseministeren på ville vegar
FOR FÅ: Fastlegeordninga er ei teneste som befolkninga er svært fornøgd med. Problemet er at det har vore for få fastlegar, skriv Kjersti Toppe.
Terje Bendiksby / NTB
Fastlegeordninga i Norge er ein suksess som utgjer sjølve grunnmuren i helsetenesta vår. No vil regjeringa innføre konkurrerande tiltak som vil bidra til å sette heile fastlegeordninga i fare. Helseminister Vestre vil opprette ei ordning med kommunal nettlege heilt ved sidan av fastlegeordninga. Slik vil han ta opp kampen mot Dr. Dropin. Forslaget er ein dårleg ide.
Legeforeninga er sterkt i mot forslaget. Dei meiner det ikkje kan forsvarast av faglege grunnar. Likevel vil regjeringa true det i gjennom. Det er uforståeleg. Fastlegar åtvarar mot at tiltaket er eit feilgrep som også vil sette digitalisering av fastlegeordninga på pause, og omtalar forslaget som ein digital skandale ( Dagens medisin 27.05) .
Prosjektet er skissert å trenge over 50 millionar kroner i statlege midlar. Pengar skal også takast i frå andre digitaliseringsprosjekt som skulle kome fastlegeordninga til gode. I staden for å opprette ei parallell digital teneste med legar utan listeansvar eller krav til oppfølging av pasient, må ressursar i staden brukast til å styrke fastlegeordninga og kommunal legevakt.