| Leder
Heile Medie-Noregs førebilete? Neitakk
Ho vart presentert som dronning på Nordiske Mediedager. Men ho snakka som ein president.
PROFIL: Kjend som ein av dei mest frykta og respekterte journalistar i verda. Nyleg var ho i Grieghallen.
Evan Agostini / AP / NTB
The Queen of All Media. Heile medieverda si dronning. Slik lydde det mildt sagt smektande innsalet av amerikanske Kara Swisher under Nordiske Mediedager som nyleg gjekk av stabelen i Bergen.
Arrangementet vert rekna som «den viktigste tverrfaglige mediekonferansen i Norden» og samlar kring 1400 pressefolk. Programmet var spekka med påfyll for oss som leverer journalistikk til folket.
Å få med seg Swisher verka som eit must. 62-åringen er verdskjend for fryktlaus journalistikk inn i verdas fremste teknologimiljø, som representerer uhorveleg makt.