Har PDK ei oppgåve i norsk politikk?

Eg vil tru at mange av Dagen sine lesarar fylgde med i nettdebatten som vart arrangert av Vårt Land, Dagen og kyrkjelyden Salt for få dagar sidan. (Du finn debatten framleis på nettet.)

Les også
Se Ropstad i debatt med PDK og Sentrum

Det var ein grei debatt, synest eg. Eg må likevel stilla spørsmål til PDK. Tomas Moltu sa at det partiet hadde hatt innverknad på andre parti sine standpunkt. Eg vil då spørja konkret kva saker i andre parti er det PDK har hatt innverknad på? Og då tenkjer eg særleg på saker som er knytt til kristne verdiar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg synest og det er rart at meir oljeutvinning er ei merkesak for PDK. For slik skjøna eg Moltu. Er ikkje vårt store forbruk av olje med og øydeleggja klimaet? Me skal forvalta skaparverket, ikkje forbruka det!

Nei, eg vart endå meir overtydd om at ynskjer me at kristne verdiar skal ha ei stemme på Stortinget, så er det KrF som er alternativet. Sentrum og PDK er «bortkasta» stemmer.

Les også
Verdidebatt: En ble sikker, den andre er fortsatt på leit