☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Har dagens forkynning reformatorisk nådemiddelkarakter?

TRENG FORBØN: Forkynninga sitt sikte er at ufrelste skal erfara atterføding og nytt liv og at truande kan oppleva fornying og styrke for trua, skriv Hallaråker.
Publisert Sist oppdatert

Med mottoet eg har prøvd å leva etter – røter og fornying – er det for tida mykje å gleda seg over i norsk kyrkje og misjonsliv, ikkje minst mellom dei unge og i våre kristne skular! Ein kan ikkje berre festa augo på det som er mørkt og trist. Men det er noko som opptek meg meir og meir med stigande uro – forkynninga sin svake plass og innhald. 

Det er vanskeleg å kommentera forkynninga når ein i eit langt liv sit i «glashus». Men det må stå til. Eiga erfaring og samtalar med mange fortel meg at forkynninga både i forsamling og kyrkje ofte manglar det vi kallar «nådemiddelkarakter». Sjølvsagt gjeld ikkje kritikken all forkynning. Ein kan høyra mykje god forkynning både i Bedehuskanalen m.m, og i bedehus og kyrkjer. Men det kritiske inntrykket har nok festa seg meir og meir. Forkynninga treng ekstra forbøn!

I evangelisk luthersk lære er Ordet og evangelieforkynninga det store nådemiddelet, med eigenverdi og som avgjerande ingrediens i sakramenta dåp og nattverd. Bibelordet er Guds profetiske, apostoliske og åndsbore ord. Eg lurer på kva lærebøker og kunnskap om luthersk lære som for tida er grunnpilar i praktisk teologisk undervisning for prestar og forkynnarar i teologiske lærestader og bibelskular? 

Powered by Labrador CMS