| Debatt
Håp når verda snur ryggen til
Kvar finst håpet når verda har gløymt eller fortrengt dei brutale overgrepa som juntaen i Myanmar står bak?
PRISVINNAR: Ja Seng ville vekkja verdssamfunnet. Men i Genève møtte ho ein FN-aktør som sa at verda var trøytt av Myanmar.
Johannes Morken
Sidan militærkuppet i Myanmar 1. februar 2021 er minst 85 baptistpastorar, katolske prestar og andre religiøse leiarar drepne. Minst 100 religiøse leiarar er arresterte, og fleire av dei er sporlaust forsvunne.
5.000 religiøse bygg er sette fyr på, bomba eller skotne til ruinar med artilleri. Mellom desse er kyrkjer og moskear. Også pagodar og buddhistiske kloster vert øydelagde.
Heile landsbyar vert bomba og menneske jaga på flukt i generalane si desperate jakt på å vinna tilbake territorium som er tapt til etniske, væpna grupper.