Meninger
HIMMELSTIGEN: Jakob møtte himmelstigen i Betel. Læresveinane til Jesus møtte himmelstigen i han som var deira herre og meister, skriv Knut Kåre Kirkholm.
Adobe Stock
Han steig ned
I Betel, ein heilagstad i det gamle Kanaan, hadde Israels stamfar, Jakob, en underleg draum. Vi les at ein stige var reist på jorda og at Guds englar steg opp og ned i stigen. Over stigen stod Herren sjølv, og Herren gjentok løftet han tidlegare hadde gitt til Abraham og Isak: «i di ætt skal alle slekter på jorda velsignast» (1 Mos 28,14).
I møtesalen på Tryggheim VGS heng det et bilete som framstiller denne hendinga. Dette biletet har eg bore med meg heilt sidan tida eg gjekk der. Det spesielle med dette biletet er at stigen er forma slik at han er breiast øvst, i himmelen, og smalnar når han kjem ned til jorda. Poenget til kunstnaren er å uttrykkja at retninga er frå himmelen og ned til jorda.
Rundt 2000 år etter at Jakob overnatta i Betel, tala ein ny rabbinar om denne stigen. Han tala til ei gruppe unge menneske som hadde byrja å følgja han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.» (Joh 1,51).