Frispark
VALGVINNAR: Giorgia Meloni er alt det som ikkje er politisk moteriktig i norske media, skriv Hallgrim Berg.
Gregorio Borgia / AP / NTB
Hallgrim Berg: Hun er alt som ikkje er moteriktig i norske medier
Det var nyss val i Italia. Giorgia Meloni frå høgresida vann ein overveldande siger. I valkampen viste mange norske media seg kunnskapslause og stappfulle av fordommar.
På lokalplan i Hallingdal: – «No kjem Mussolini fram att, forkledd som ei dame med namnet Meloni!» – «Å, koss veit du det?» – «Jau, sopass skjøna dei som følgji’ med i avisun’ og på fjernsynet!»
Som ved val i andre statar langt borte: Ein overfører automatisk sine syn og oppfatningar av norske tilhøve til landet det gjeld. I Italia, anten historia, institusjonane, partifloraen eller persongalleriet er mykje ulikt, skal «motstandaren» fokuserast, svertast og framstillast som ein fare for demokratiet.