| Debatt
Gudsteneste på sundag – kvifor det?
PROSESJON: Frå ei gudsteneste i domkyrkja i Bergen.
Tore Hjalmar Sævik
Prosjektet «Kyrkjene under Ulriken» har i sommar trigga ein prinsipiell debatt om gudstenestene i Den norske kyrkja som bør bli drøfta uavhengig av prosjektet.
I Vårt Land 6. juli og Dagen 18. juli opplyste Stephen Sirris at nyare tal viser at gudstenestedeltakinga aukar sjølv om talet på gudstenester fell. Han hevder at «[t]allene utfordrer antakelsen om at flere gudstjenester betyr flere deltakere». Det såg ut som eit tvilsamt premiss for vidare drøfting. Så eg sjekka hos Statistisk Sentralbyrå.
Grafen stemmer med 2025-observasjonen til Sirris. Den mørk blå lina som viser talde gudstenestedeltakarar sundagar og helgedagar, var stigande frå 2024 til 2025 (målt på høgre akse med blå tal). Deltakinga auka sjølv om den raude lina som viser talet på gudstenester, var fallande (målt på venstre akse med raude tal).