Leder
ADVENT: Også ei tid for å snakka om dei ufødde
ChurchAds
Gud som foster
Det er blitt advent. Ordet som kjem frå latin, Adventus Domine, uttrykkjer Herrens komme. Det kan minna om eit ord for venting, og i praksis er det vel nettopp det, særleg for mange barn som ventar lengselsfullt på jula med alle sine løyndomar.
Advent er ei merkeleg tidsrekning. Sjeldan verkar tida så elastisk. For dei små går det seint, og for dei fleste vaksne fyk tida av garde. For mange er det ei tid med svært samansette, til dels også motstridande kjensler.
På den eine sida er det ei tid der alt gjerne skal vera slik det eingong var. Ein ser seg tilbake i nostalgi, og ønskjer å henta fram det beste frå barndomen.