Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Grunnlova til pynt?

SKULEGUDSTENESTE NEKT: Eg skulle og tru at det er heilt i samsvar med Grunnlova og lovverket vårt å formidla vår kristne arv til nye generasjonar, skriv Brynjulv Hernes.
Publisert Sist oppdatert

Me lever i ei merkeleg tid. Aviser og andre media har mykje omtale og reklame som har med jul å gjera. Det er ikkje så rart, men at elevane skal få vera deltakande i ei julegudsteneste, nei det vert for mykje. For litt sidan kom det fram i media at elevar i skulane ikkje får møtast til julegudsteneste. Det heiter seg at Noreg er eit kristent land, men kva betyr eigentleg det?

Grunnlova er ei lov som vert dregen fram, særleg på 17. mai. Og godt og rett er det! Men har ikkje denne lova aktualitet også andre datoar?

I Grunnlova, §2, heiter det: «Verdigrunnlaget forblir vår kristne og humanistiske arv.» Eg er ingen jurist, men la det då vera heilt i samsvar med Grunnlova at elevane våre får kjennskap til verdigrunnlaget vårt!

Powered by Labrador CMS