Grensekontroll – ikkje tiggeforbod

Tigging er ikkje hovudproblemet i det som kjem fram i dokumentaren. Hovudproblemet er kriminelle handlingar som prostitusjon, menneskehandel, narkotikasal og annan kriminalitet.

NRK Brennpunkt sittprogram om kriminelle rumenarar i Bergen viser ikkje at det er behov for å innføre eit nasjonalt tiggeforbod i Norge. Det skal vere lov å be om hjelp. Anten ein er norsk eller frå Romania.

Mange tilreisande tiggarar i Norge kjem frå eit av dei mest utsette og diskriminerte folka i Europa. Vi må møte dei med respekt og beskytte både dei og oss mot kriminalitet og utnytting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tigging er ikkje hovudproblemet i det som kjem fram i dokumentaren. Hovudproblemet er kriminelle handlingar som prostitusjon, menneskehandel, narkotikasal og annan kriminalitet.

Dette kan førebyggast, men blir vanskeleggjort av fri bevegelse i EØ og dagens Schengen-avtale. Kriminelle treng ikkje skjule seg bak tigging for å komme til Norge. Derfor er det også naivt å tru at eit nasjonalt tiggeforbod vil stoppe narkotika- og prostitusjonsmarknaden som dokumentaren synliggjer.

Ein føresetnad for at politiet kan drive nødvendig førebyggande arbeid mot kriminalitet, er å førebygge med betre grensekontroll. Grensekontroll – altså ikkje stengte grenser.

For å få det til, må vi seie opp Schengen-avtalen og i staden styrke det nordiske grensesamarbeidet. Slik kan vi oppnå meir effektiv kontroll med kven som kryssar den norske grensa og kven som oppheld seg i landet.

Slik kan ein også stoppe eller redusere den grensekryssande kriminaliteten, før den får fotfeste i byar og tettstader i Norge.

Personar som får innreiseforbod til Norge har brote norsk lov. Brot på innreiseforbodet oppdagast som regel ved at dei på nytt gjer kriminalitet i Norge. Tollarane bør få fullmakt til å gi forenkla førelegg for å oppnå ein meir effektiv kontroll med grensekryssande kriminalitet.

Det vil avlaste politiet sitt arbeid. Brennpunktprogrammet viser at det har etablert seg nettverk som driv med menneskehandel, prostitusjon og økonomisk kriminalitet i Bergen.

Politiet må intensivere arbeidet mot dette. Utan betre grensekontroll, vil dette arbeidet vere vanskeleg. Eit tiggeforbod vil ikkje hjelpe.