EVANGELIET: Det er berre når vi møter menneske med nåde og kjærleik og ikkje med krav og fordømming at vi kan nå dei med evangeliet, skriv Erling Thu.

Godt nytt

Dei fleste menneske har ei kjensle av at det er noko gale med den verda vi lever i. Klimakrise, ujamn fordeling, trugsmål om krig, etniske konfliktar, sjukdom, liding og fattigdom forsterkar kjensla av at ting ikkje er slik dei burde vera. Dette driv folk på flukt, eller på leiting etter eit betre liv på ein annan stad. Det finst ein djup lengt etter meining, etter å tilhøyra, etter å vera trygg og å vera akseptert.

Evangeliet om Guds rike er svaret på alle menneskelege lengtar og draumar. Det er godt nytt for alle menneske, men svært mange oppfattar ikkje den kristne bodskapen som godt nytt. Her har vi ei stor utfordring. Vi må ikkje mista trua på evangeliet, men forkynna det med stort frimod.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

ERLING THU: Forkynnar i Kristent Nettverk.

Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menneske:

• som kjem til kort!

• som ber på draumar og lengtar!

• som er fanga av materialismens skarpe klør.

• som leitar etter ei djupare meining med livet.

• som har så mykje pengar at dei ikkje veit kor dei skal finna ekte lukke!

• som er så fattige at dei ikkje veit når dei kan ha sitt neste måltid!

• som har gjennomskoda meiningsløysa i samfunnet og leitar etter eit alternativ, – noko å leva for.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

• som ønskjer ei endring av livet sitt!

Les også
Debatten om å gje alt for Jesus er absurd

Det er frigjerande å sjå korleis Jesus møtte menneske og forkynte evangeliet for dei. Han tok utgangspunkt i at kvart menneske er eineståande. Han kunne vera i lag med alle slags menneske. Han gjekk inn til syndarar og landssvikarar, men også til teologar og leiarar i samfunnet. Han møtte folk med nåde. Det gjorde han velkomen både hjå fattige og rike, religiøse og verdslege.

Om vi lærer av Jesus, vil vi kunna møta menneske der dei er, med ord dei forstår og ein bodskap som set dei fri. Om vi let evangeliet få leva i oss og gjennom oss, vil vi bli godt nytt til menneske på arbeidsplassen og i nabolaget.

Om vi lærer av Jesus, vil vi kunna møta menneske der dei er, med ord dei forstår og ein bodskap som set dei fri.

Evangeliet må opplevast som godt nytt! Om det vi forkynner ikkje blir opplevd som godt nytt, kjem vi til kort i formidlinga vår, jamvel om vi bruker dei rette gode orda, som fedrane våre brukte med stort hell i tidlegare tider.

Det står om Jesus, at han er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss, så vi kunne sjå kor herleg, skjønn og vakker Gud er. Det tok han tretti år å festa bu og bli ein av oss, før han kunne stå fram og forkynna evangeliet om Guds rike. Då han tok til å forkynna, hadde han alt gått i folk sine sko og delt deira kår. Han visste kor skoen trykkja. Han var vel kjend med liding. Han kjende arbeidslivet frå innsida.

Når vi ser likningane han brukte, så forstår vi at han hadde innsikt i menneskelivet i si samtid. Kvardagsvanskane var ikkje ukjende for han. Han kjende til korleis dei religiøse leiarane si utlegging av skriftene vart opplevd som tunge bører og fordømmande ord. Gjennom desse åra før han tok til med si offentlege teneste, kraup han under skinnet på folk og kjende samfunnet inn og ut. Fordi han elska folk og forsto menneska i si samtid, kunne han forkynna godt nytt for dei i både ord og gjerning.

Les også
Statskyrkja er i krise, men kristendomen går fram

Det er berre når vi møter menneske med nåde og kjærleik og ikkje med krav og fordømming at vi kan nå dei med evangeliet. Det vi forkynner er berre evangelium frå Gud til menneska når det opplevast som godt nytt. Det er utfordringa vår!

Vi har ikkje lov til å kompromissa Guds ord eller Guds lov på nokon måte, like lite som vi har lov til å fordømma folk. Jesus kom ikkje for å fordømma, men for å frelsa. Om forkynninga vår fører til fordømming og ikkje til frelse, har vi ikkje gjort jobben vår!