| Debatt
    God hjelp frå Kyrkjas Hus
    
    
        HELGEMESSE: På kyrkjegardane og i kyrkjene er det lys. Små lys som bryt mørket og lyser opp namna på gravsteinane, skriv Eilev Erikstein.
        Foto: Vidar Ruud / NTB
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Det er to diakonale høgtider eg gler meg til i mitt diakonliv. Strengt tatt er ingen av dei offisielle høgtider. Men i mitt hovud, for ikkje å seie hjarte, er dei det. Det er helgemesse, og Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, tysdagen før palmesundag. 
Det vert sagt mykje om kyrkjeleg byråkrati, «dei mange i Kyrkjas Hus», men når det gjeld helgemesse, er det strålande det arbeidet dei gjer. På nettsidene ligg gode idear og hjelp til markeringar. 
Den felles marknadsføringa gjer at også me i lokalkyrkja vågar å tenkje nytt. I videosnuttar og reklamemateriell anar ein fagleg tanke om kva som kan treffe folk heime. Dei dyktige folka i Kyrkjas Hus skal ha stor takk, også for årets stoff til helgemesse.