| Kultur
Gløymte kristne samfunnsbyggjarar
SAMFUNNSBYGGJAR: Johan Ernst Gunnerus var en norsk teolog og naturforsker.
Wikimedia Commons
Politikarar, kulturpersonlegdommar og andre viser ofte til opplysningstida og utviklinga av moderne vitskap når dei skal forklara den positive utviklinga i landet vårt dei siste hundre åra. Kristendommen vert helst framstilt som eit hinder for utviklinga. Vi skal ikkje så langt tilbake i tid før dette var svært annleis. Då vart kristninga av landet og kristendommens innverknad i folket tillagt stor vekt.
Denne boka er meint å bøta litt på denne skeive framstillinga. Det gjer boka primært ved å løfta fram ein del personar med kristen ståstad, særleg prestar, og kva dei har betydd for samfunnsbygginga. Det er konsentrert om folk på 1700- og 1800-talet, altså på den tida opplysningstida og naturvitskapen braut inn.
Den som har lese ein del historie, og særleg kyrkjehistorie, vil nikka attkjennande til ein del av namna, men nokre er nokså ukjente eller har gått heilt i gløymeboka, i alle fall i generell historieframstilling. Det var jo slik på den tida desse personane levde, at det stort sett var prestar som hadde høgare utdanning, og prestane var på mange måtar sentrale i samfunnet – langt ut over det som gjaldt kyrkja og forkynninga. Dette var dessutan i den perioden pietismen gjorde seg sterkt gjeldande, og fleire av dei aktuelle personane var pietistar – med Erik Pontoppidan som den fremste.