Meninger
GUDS NÆRLEIK: Liturgien er det vakre fartøyet som fører kvardagsmenneske inn i den heilage Guds nærleik, skriv Ottar Mikael Myseth.
Magnar Børnes
Glad i liturgi?
Variasjonen er stor når det gjeld form og stil i måten å tilbe Gud i ulike kristne forsamlingar.
Innreiing og møblering i gudshusa avslører mykje: Når miksepulten er større enn altaret; når ein forseggjord talarstol er det mest dominerande inventaret; når slagverket er det mest iaugefallande møbelet; om veggane er nakne eller pynta med bibelske bilete – seier det ein del om det åndelege livet på staden.
Vi har ein rik tradisjon med det vakre ordet «bedehus». Men det er sjeldan bønealtaret er meir synleg enn talarstolen. At Guds ord, forkynning og undervisning står sterkt, er ein opplagt rikdom. Men var det ikkje noko meir?