| Debatt
Gjorde dei ein tabbe den gongen i 1978 ?
ABORTLOVEN: I 1978 ble loven om retten til selvbestemt abort innen 12 svangerskapsuke, satt i kraft i Norge. Bildet er fra en demonstrasjon for fri abort 25. april 1978.
Scan-foto / NTB
Dei siste åra har det vore ein stigande uro for fødselstala her til lands. Dei er nede mot to tredjedelar av det dei burde vore. For å halda oppe folketalet, vert det sagt frå fleire hald at kvar kvinne bør føda minst 2,1 born i gjennomsnitt. Dette talet er no ned mot 1,4.
På same tida vert det slege alarm om at her manglar personell i mange yrke , ikkje minst innafor helsevesen og omsorgssektoren. Det vert sagt beint fram at pengane har me for så vidt tilgang på , men me manglar personane som skal gå inn i arbeidsoppgåvene. Også andre yrkesgrupper og bransjar manglar personell.
Sommaren 1978 vart det vedteke ei «Lov om svangerskapsavbrot» , som tredde i kraft frå 01.01.79. Denne lova hadde kome i ei førebels utgåve eit par år tidlegare. Det er vel 1978-utgåva me kjenner som «Abortlova» - kort og godt. Dette siste året har det kome ei ny abortlov – denne let me liggja her.