PÅ FLUKT: Chin-flyktninger fra Myanmar deltar i en demonstrasjon mot juntaen, i New Delhi, India.

Gjer seg klare til borgarkrig

I desperasjon grip unge sivile i Myanmar til våpen for å slåss mot militærjuntaen. Landet kan gå mot borgarkrig.

Dei unge grip til våpen fordi «væpna kamp er det einaste håpet, det einaste alternativet dei har». Det seier ei kjelde Stefanusalliansen har inne i ein treningsleir for ei væpna gruppe i den fattige Chin-staten vest i Myanmar.

I Camp Victoria-leiren har den etniske væpna opprørsgruppa Chin National Front (CNF) lenge hatt hovudkvarteret. Ho vart oppretta i 1988, etter hærens brutale angrep på sivile demonstrantar også den gongen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I leiren får no den ferske militsgruppa Chinland Defence Force trening, etter kuppet 1. februar. Mange av dei unge kjem frå landsbyane i den fattige Chin-staten. Andre har teke seg fram over lengre avstandar, opp i fjellområda.

Les også
Myanmar trenger vår oppmerksomhet, nå!

I Camp Victoria lyder det kampsongar medan dei unge får 45 dagars grunnleggjande trening. Dei fleste har jaktgevær. Men kommandanten seier til CNN, som har vore i leiren, at dei reknar med at skaffa pengar som kan betala for automatgevær hos internasjonale smuglarar.

«Dei unge som grip til våpen, vil ikkje leva i eit diktatur. Dei gjev opp draumane sine og framtida. ei er viljuge til å ofra livet for fridom, for eit føderalt demokrati og ei betre framtid for Myanmar», seier kjelda vår. Så sensitivt er oppdraget at ho vil vera anonym.

Stefanusalliansen kjenner kjelda frå hennar aktive sivile arbeid i Chin-staten, der fleirtalet er kristne. Så bestemte ho seg for å dra til Camp Victoria: «Eg vil vera del av revolusjonen og hjelpa der eg kan. Dersom vi ikkje kjempar no, kven er vi då? Her får eg trening. Eg ser også korleis vår eigen hær lenge har ofra liva sine for å verna landet vårt.»

Les også
Gøymer folk som juntaen jaktar

Unge liv vil gå tapt. CNN fortel om ein universitetsutdanna journalist frå Yangon. Han hadde fått kommando over ti menn. Tre av dei døydde på staden då ei heimelaga bombe eksploderte i hendene deira.

Men dei unge er klare: «Utan å ofra blod, vil vi ikkje klara å omdanna Myanmar. Uniformer må nedkjempast med uniformer», seier kjelda vår.

Unge frå fleire etniske statar har sidan mars valt å ty til våpen som svar på hærens brutalitet mot ikkje-valdelege demonstrantar.

I ein rapport frå juni i år forklarar International Crisis Group framveksten av nye militsgrupper med hærens brutale metodar sidan kuppet. Målretta angrip juntaen sivile mål for å hindra at opprørarar får mat, pengar, rekruttar og etterretningsinformasjon om hæren. Angrep på folketette område og plyndring av matbutikkar og naudhjelp er ein del av strategien – og klare brot på folkeretten, skriv ICG.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

ICG ber internasjonale aktørar, som Tryggingsrådet, pressa regimet til å respektera folkeretten. Men ICG fryktar at generalane ikkje bryr seg om kritikk og at sanksjonane – som er innført utanfor det splitta Tryggingsrådet – ikkje vil stogga maktbruken. Vetomaktene Russland og Kina forsyner framleis Myanmar med våpen, noko ICG krev slutt på.

Kommandanten i Camp Victoria hevdar at militsane vert leia av eksilregjeringa, National Unity Government (NUG) – ein allianse av dei ulike etniske gruppene. International Crisis Group påpeikar at sjølv om eksilregjeringa ikkje har kommando, må ho gjera alt ho kan for å få opprørsgruppene til å respektera krigens folkerett. Militsane må ikkje å bruka hærens brutalitet som orsaking for å utføra eigne overgrep, lyder åtvaringa.

I Camp Victoria grip også nokre kvinner til våpen. Og foreldra til dei unge «gjev med sorg ungdomane lov til å gå i kamp, fordi dei ikkje vil at barna skal veksa opp under våre brutale militære», seier kjelda vår og legg til:

«Liva deira har alltid vore styrte av frykt for hæren. Difor let foreldra ungdomane gå inn i kampane medan dei sjølve sit heime, djupt fortvilte, i bøn.»

Minoritetsfolka i Myanmar – også chin-folket – har i mange tiår levd med hærens undertrykking. Ei eldre kvinne fortel CNN at for 20 år sidan utsette hæren sonen hennar for tortur i hennar eige hus.

Kjelda vår seier at spørsmålet om vald er vanskeleg: «Då eg gjekk på universitetet, skreiv eg ei oppgåve, med Hitler som døme, om temaet: ‘Å drepa eitt menneske for å berga millionar’. Som kristen spør eg meg om Gud let oss å bruka våpen i kamp for rettferd.»

I eksilregjeringa er det truleg uvisse om kva plass væpna motstand skal ha. Også dei mest nølande forstår at dei unge som starta med ikkje-vald, tyr til sjølvforsvar. Men det er så lite som skal til før sjølvforsvar blir væpna angrep, særleg når generalane svarar med brutalitet.

Militsen i Chin-staten forsvarte i april landsbyen Mindat. Forhandlingar stranda. Generalane sende inn flyvåpenet som bomba landsbyen. Masseflukt var eit faktum – og ny kampvilje hos dei som såg bombene falla.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ein borgarkrig vil sivile betala ein høg pris – med alvorleg matmangel og flukt for bomber og artilleri.

I ein borgarkrig vil sivile betala ein høg pris – med alvorleg matmangel og flukt for bomber og artilleri. Dei må også støtta opprørsgrupper med mat, vern og pengar. Dette er noko vår kjelde ser folk vera klare for:

«Når eg ser på dei unge som grip til våpen, kan eg ikkje unngå å sjå dei i eit sitat frå Sør-Afrikas Nelson Mandela som sa at då dei valde å gripa til våpen, var det fordi det einaste alternativet var å overgje seg til slaveriet. Men eg håpar kampane ikkje vil ta langt tid.»

Vi som ber om og håpar at Myanmar må unngå blodbadet, ser at Tryggingsrådet er splitta. Vår kjelde i Camp Victoria fryktar at generalane ikkje bryr seg om politisk press utanfrå, men håpar i det lengste at det internasjonale samfunnet grip inn for å verna sivile i Myanmar mot grove menneskerettsbrot.

Juntaen er brutal. I Camp Victoria er desperasjonen stor i kampen mot diktaturet.