❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Meninger

Gir grunn til å spørje om Ystebø bevisst prøver å villeie

MÅL: Vårt mål er heller ikkje å utfordre skulens eigenart, men å sikre ordna og føreseielege arbeidsvilkår for dei tilsette, skriv Steinar Vegsund Strømsli, leiar for Utdanningsforbundet Vestland.
Publisert Sist oppdatert

Utdanningsforbundet har varsla streik frå tysdag 14. april ved Bergen Kristne Grunnskole. Bakgrunnen for dette er at styret ved skulen nektar å inngå avtale om noko så alminneleg som ein standard tariffavtale. Verdinytt publiserte tidlegare denne veka ein kommentar frå Bjarte Ystebø, ein profilert stemme i det kristenkonservative miljøet. Det er grunn til å spørje om Ystebø bevisst prøver å villeie, eller om dette rett og slett er ei ærleg misforståing.

Ein tariffavtale er verdinøytral

For det første: Ein tariffavtale er verdinøytral. Den regulerer lønns- og arbeidsvilkår, medverknad og føreseielege rammer i arbeidsforholdet. Han grip ikkje inn i skulens verdigrunnlag, pedagogiske profil eller religiøse ståstad. Dette gjeld uavhengig av om skulen er kristen, har eit anna livssynsgrunnlag eller byggjer på andre ideologiske verdiar.

Powered by Labrador CMS